dcsimg

Aubergine ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Aubergine, eggfrukt eller eggplante (Solanum melongena) er ein plante i søtvierslekta med frukter som blir brukte som grønsak. Han er i slekt med tomat og potet, men blei til forskjell frå desse først dyrka i Asia. Det finst to liknande, nærskylde matplantar, S. aethiopicum og S. macrocarpon, som særleg er blitt dyrka i Afrika.[1]

Skildring

Aubergine-planten er fleirårig, men blir ofte dyrka som eittårig. Han dannar ein forgreina busk som kan bli opptil 2 meter høg.[2] Han har ei lang pålerot.[2] Blada er store og lett flika.[3] Stilkar og blad har tett hårdekke og stilkane kan også ha torner.[2]

Blomane er typisk lilla og ein sjeldan gong kvite. Hermafrodittiske blomar med ein diameter på 3-4 cm sit vanlegvis einsleg på ein 1-3 cm lang stilk. På same blomestand kan det også sitja mindre hannblomar.

Frukta er botanisk sett eit bær. Ho har eit skinande skal, og kan ha ulike fargar, former og storleikar. Ein aubergine kan vera rund, pæreforma eller avlang som ein agurk.[4] Skalet kan vera mørkelilla til svart på farge, men lyselilla, kvite, raude og gule former finst òg.[4] Nokre variantar har striper.[3] På ville plantar har frukta ein diameter på under 3 cm, men dyrka variantar kan vera mykje større, med breidde på 2-20 cm og lengder på 2-30 cm. Inni er fruktkjøtet lyst med ein svampaktig, tørr konsistens. Det har langsgåande rader med små kjerner.[4]

Bruk

Aubergine blir som regel eten kokt, steikt eller grilla, men nokre asiatiske kultivarar blir etne rå.[2]

Aubergine er ein viktig ingrediens i rettar som levantinsk baba ganoush, gresk moussaka, italiensk parmigiana og fransk ratatouille. I India er aubergine kjend som kongen av grønsaker og blir brukt i karri, dal og most til stuing. Han kan serverast i lag med kjøt eller i staden for kjøt i vegetarisk og vegansk mat.

100 gram aubergine inneheld ca. 4 mg vitamin C, 240 mg kalium, 2,3 g kostfiber, 92 % vatn og 74 kJ tilført energi.[4]

Kjelder

  1. Doganlar, Sami; Frary, Anne; Daunay, Marie-Christine; Lester, Richard N.; Tanksley, Steven D. (1 August 2002). «A Comparative Genetic Linkage Map of Eggplant (Solanum melongena) and Its Implications for Genome Evolution in the Solanaceae» 161 (4): 1697–1711. PMC 1462225. PMID 12196412 – via www.genetics.org.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Solanum melongena L.», Plants of the World Online (Kew Science)
  3. 3,0 3,1 «eggplant», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Aubergine» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Aubergine: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Aubergine, eggfrukt eller eggplante (Solanum melongena) er ein plante i søtvierslekta med frukter som blir brukte som grønsak. Han er i slekt med tomat og potet, men blei til forskjell frå desse først dyrka i Asia. Det finst to liknande, nærskylde matplantar, S. aethiopicum og S. macrocarpon, som særleg er blitt dyrka i Afrika.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Aubergine ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Frukten Aubergine
Frukten Aubergine

Aubergine er en plante som kom til Europa700-tallet, sannsynligvis fra Asia. Frukten fra planten var lenge trodd å være giftig i rå tilstand. Den ble derfor av og til kalt The Mad Apple eller det gærne eplet. Frukten er ikke giftig, men plantens blader og blomster er giftige på grunn av solaninen i planten.[1]

Frukten blir hyppig brukt som grønnsak i det mediterrane kjøkkenet, og er en viktig ingrediens i blant annet moussaka. Auberginer bruker ca. 70-80 dager for å modne. Aubergine er et bær i botanisk forstand.

Referanser

  1. ^ «Is Raw Eggplant Poisonous?». AOL.com. Besøkt 23. desember 2015.

Eksterne lenker

botanikkstubbDenne botanikkrelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Aubergine: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Frukten Aubergine Frukten Aubergine

Aubergine er en plante som kom til Europa700-tallet, sannsynligvis fra Asia. Frukten fra planten var lenge trodd å være giftig i rå tilstand. Den ble derfor av og til kalt The Mad Apple eller det gærne eplet. Frukten er ikke giftig, men plantens blader og blomster er giftige på grunn av solaninen i planten.

Frukten blir hyppig brukt som grønnsak i det mediterrane kjøkkenet, og er en viktig ingrediens i blant annet moussaka. Auberginer bruker ca. 70-80 dager for å modne. Aubergine er et bær i botanisk forstand.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO