dcsimg

Dictyostelium discoideum ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Dictyostelium discoideum er ein sosial amøbe som lever i jorda, der han et bakteriar og gjærsoppar gjennom fagocytose. Han har vore nytta som ein modellorganisme sidan 1960-åra.[1]

D. discoideum har ei usamanhengande utbreiing. Amøben finst i Amerika, Japan, IndiaPakistan og Nepal, men ikkje i Europa.[2]

Når individ av D. discoideum svelt går dei saman og dannar fruktlekamar sette saman av opp til 100 000 individ. Dei finn saman gjennom utslepp av cAMP og kjemotaksis.[3] D. discoideum har G-protein-kopla reseptorar i sellemembranen som gjer at dei kan føla cAMP-gradienten og gå mot høgre cAMP-konsentrasjon.[4] Tidleg i danninga av fruktlekamen vil individa differensiera seg til to hovudtypar av seller.[5]

D. discoideum fekk genomet sitt ferdig sekvensert i 2005. Det har ein storleik på kring 34 megabasepar fordelte på seks kromosom, og er rekna å ha over 13 000 sekvensar som kodar for protein. Mitokondria har eit genom på kring 55 kilobasepar.[6]

Kjelder

  1. Muñoz-Braceras, Sandra; Mesquita, Ana; Escalante, Ricardo (2013). «Dictyostelium discoideum as a Model in Biomedical Research». Dictyostelids. s. 1. ISBN 978-3-642-38486-8. doi:10.1007/978-3-642-38487-5_1.
  2. Cavender, James C (2013). «A Global Overview of Dictyostelid Ecology with Special Emphasis in North American Forest». Dictyostelids. s. 149. ISBN 978-3-642-38486-8. doi:10.1007/978-3-642-38487-5_8.
  3. Li, Si. I; Purugganan, Michael D (2011). «The cooperative amoeba: Dictyostelium as a model for social evolution». Trends in Genetics 27 (2): 48. PMID 21167620. doi:10.1016/j.tig.2010.11.003.
  4. Jowhar, Dawit; Janetopoulos, Chris (2013). «The Chemotactic Compass». Dictyostelids. s. 71. ISBN 978-3-642-38486-8. doi:10.1007/978-3-642-38487-5_4.
  5. Fukuzawa, Masashi (2011). «Control of prestalk-cell differentiation by transcription factors». Development, Growth & Differentiation 53 (4): 538. doi:10.1111/j.1440-169X.2011.01269.x.
  6. Glöckner, Gernot (2013). «Genome Analysis of Social Amoebae». Dictyostelids. s. 35. ISBN 978-3-642-38486-8. doi:10.1007/978-3-642-38487-5_2.
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Dictyostelium discoideum: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Dictyostelium discoideum er ein sosial amøbe som lever i jorda, der han et bakteriar og gjærsoppar gjennom fagocytose. Han har vore nytta som ein modellorganisme sidan 1960-åra.

D. discoideum har ei usamanhengande utbreiing. Amøben finst i Amerika, Japan, IndiaPakistan og Nepal, men ikkje i Europa.

Når individ av D. discoideum svelt går dei saman og dannar fruktlekamar sette saman av opp til 100 000 individ. Dei finn saman gjennom utslepp av cAMP og kjemotaksis. D. discoideum har G-protein-kopla reseptorar i sellemembranen som gjer at dei kan føla cAMP-gradienten og gå mot høgre cAMP-konsentrasjon. Tidleg i danninga av fruktlekamen vil individa differensiera seg til to hovudtypar av seller.

D. discoideum fekk genomet sitt ferdig sekvensert i 2005. Det har ein storleik på kring 34 megabasepar fordelte på seks kromosom, og er rekna å ha over 13 000 sekvensar som kodar for protein. Mitokondria har eit genom på kring 55 kilobasepar.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN