dcsimg
Image of Dendropsophus nanus (Boulenger 1889)
Creatures » » Animal »

Vertebrates

Vertebrata

Virveldyr ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Virveldyr, ryggbeinsdyr eller ryggradsdyr (Vertebrata) er den største gruppa innan ryggstrengdyr, med om lag 60 000 artar, og inneheld blant anna menneske. Ho er den best undersøkte dyregruppa, men totalt sett er ho nokså liten — berre 5 % av alle kjende artar, og ein halv prosent av alle antatte artar, er virveldyr.

Virveldyra skil seg frå resten av ryggstrengdyra ved at dei har danna ein ryggsøyle av brusk eller bein. Dei fleste har òg utvikla to par lemmer og ein hjernekasse.

Ein har spora virveldyr tilbake til ostracodermiar, primitive fiskar som levde under silurtida (444–409 millionar år sidan), og til conodontar, ei gruppe ålaktige dyr som hadde fleire par beinete tannplater.

Eigenskapar

Fleire endringar oppstod i stamarten til alle virveldyra, og har halde seg i meir elle mindre uendra form:

  • Eit indre bruskskjelett som verna om sanseorgana, svelget og ryggstrengen. Stamarten til virveldyra hadde òg beinplater i huda, eit såkalla dermalskjelett.
  • Gjellene blei til andedrettsorgan. Gjellene som hadde oppstått i den tidlegare stamarten til deuterostomiane hadde hatt som funksjonen å leia vatnet som hamna i tarmen under næringsopptak ut.

Inndeling

Virveldyra kan delast inn i grupper ut frå slektskap:

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Virveldyr: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Virveldyr, ryggbeinsdyr eller ryggradsdyr (Vertebrata) er den største gruppa innan ryggstrengdyr, med om lag 60 000 artar, og inneheld blant anna menneske. Ho er den best undersøkte dyregruppa, men totalt sett er ho nokså liten — berre 5 % av alle kjende artar, og ein halv prosent av alle antatte artar, er virveldyr.

Virveldyra skil seg frå resten av ryggstrengdyra ved at dei har danna ein ryggsøyle av brusk eller bein. Dei fleste har òg utvikla to par lemmer og ein hjernekasse.

Ein har spora virveldyr tilbake til ostracodermiar, primitive fiskar som levde under silurtida (444–409 millionar år sidan), og til conodontar, ei gruppe ålaktige dyr som hadde fleire par beinete tannplater.

Eigenskapar

Fleire endringar oppstod i stamarten til alle virveldyra, og har halde seg i meir elle mindre uendra form:

Forbetra hjerne og sanseapparat. Hjernedelane som allereie fanst, for- og mellomhjerne, blei utvida bakover med midthjerne, hjernebru og forlenga marg. Mellomhjernen gav opphav til linseauge, som gjer det mogleg å ikkje berre skilja mellom lyst og mørkt, men også å fokusera. I tillegg oppstod sidelinjeorganet, som mellom anna kan sansa rørsle i vatn. Eit avsnitt av dette organet blei forskjøve inn i hovudet der det danna labyrinten, eit kombinert hørsels-, likevekts- og rørsleesorgan. Eit indre bruskskjelett som verna om sanseorgana, svelget og ryggstrengen. Stamarten til virveldyra hadde òg beinplater i huda, eit såkalla dermalskjelett. Gjellene blei til andedrettsorgan. Gjellene som hadde oppstått i den tidlegare stamarten til deuterostomiane hadde hatt som funksjonen å leia vatnet som hamna i tarmen under næringsopptak ut. Kretsløpssystemet fekk eit hjarte med framkammer (atrium), hjartekammer (ventriculum) og klaffar. Blodet inneheld raude blodlekamar. Ekskresjonsorgana var ikkje lenger fordelte i heile kroppen, men blei samla til eitt par nyrer med kvar sin urinleiar. Inndeling

Virveldyra kan delast inn i grupper ut frå slektskap:

Slimålar (som faktisk manglar virvellekamar) Niauge Kjevemunnar Bruskfiskar Heilhovudfiskar Haiar og skater Osteognathostomata («beinkjevemunnar») Sarcopterygii («kjøttfinna dyr») Kvastfinnefiskar Lungefiskar Landlevande virveldyr Amfibie Amniondyr Pattedyr Sauropsid Skjelpadder Lepidosauria («skjelløgler») Bruøgle Skjellkrypdyr Archosauria («urøgler») Krokodillar Fuglar Strålefinna fiskar Bikirar Størfisk Ekte beinfisk Dynnfisk Pansergjedde Eigentlege beinfiskar
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN