dcsimg

Tropespottefugl ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tropespottefugl (Mimus gilvus) er ein spottefugl i den biologiske slekta Mimus som lever i Mellom-Amerika, sørlege Karibia, nordlege Sør-Amerika og på austkysten av Brasil. Songspottefugl (M. polyglottos) er den mest nærskylde nolevande arten, men den kritisk truga socorrospottefugl, (M. graysoni) er òg nært i slekt.[1]

Skildring

Vaksne tropespottefuglar er 23-25,5 centimeter lange og veg 45-58 gram varierande med kjønn og underart. Dei er grå på hovudet og oversida med gule auge, ei lys augestripe og mørk flekk gjennom auget. Undersida er gulkvit og vengene er gråsvarte med to kvite vengband og kvite kantar på vengefjørene. Dei har ein lang mørk hale med kvite fjørtuppar. Nebbet er svart, kort for denne gruppa og berre svakt nedbøygd, beina er lange og mørke.[2]

Hannar er om lag 5 % større og tyngre enn hoer, elles er kjønna er like. Ungfuglane er mattera og brunare. M. g. tobagensis, som berre finst på Trinidad og Tobago, har mørkare grå oversida og meir omfattande kvitt på vengdekkarar og hale enn underartane på fastlandet.

Denne fuglen har ein variert og musikalsk song, kjappare enn hos songspottefugl. Han syng av og til natta gjennom.

Arten er hekkefugl i eit oppstykka område frå det sørlege Mexico sør til austkysten av Brasil og på Dei små Antillane. Nordgrensa går gjennom Mexico i delstaten Oaxaca og i Veracruz, inkluderer Yucatánhalvøya. Vidare til Honduras og Nicaragua med fråvære sør til Colombia, men introdusert i Panama. Han lever i store delar av nordre og sentrale Colombia og Venezuela, litt inn i Ecuador, samt i Guyana, Surinam og Fransk Guyana. I Brasil langs nordaustkysten og frå omtrent Paraíba til Rio de Janeiro.[3]

Denne spottefuglen er vanleg i dei fleste opne habitat, inkludert menneskeskapte. Tropespottefuglar beitar på bakken eller i vegetasjonen eller flyg ned frå ei grein for å fange virvellause dyr. Dei et hovudsakleg insekt og litt bær. Desse uredde fuglane vil òg plukke mat som står utan tilsyn på tallerkenar eller bord. Medan dei beitar kan dei spreia vengene i ei tostegs rørsle, der heile oversida av vengeflatene er synlege eit augneblikk, og deretter folde saman vengene igjen. Rørsla liknar den som songspottefuglar gjer for å blinke med dei kvite vengeflekkene, jamvel om tropespottefuglen manglar dei store flekkene.[4]

Paret byggjer eit kvistreir, og normal kullstorleik er tre grågrøne, flekka egg. Hoa gjer ruginga åleine i 13-15 dagar, og perioden vidare fram til ungane er flygedyktige er omtrent like lang. Fuglane er aggressive når dei vernar om reiret sitt mot andre fuglar og dyr.[2]

Arten er klassifisert som livskraftig, og storleiken på populasjonen er trudd å vere aukande.[3]

Kjelder

Referansar
  1. Lovette, Irby J.; Arbogast, Brian S.; Curry, Robert L.; Zink, Robert M.; Botero, Carlos A.; Sullivan, John P.; Talaba, Amanda L.; Harris, Rebecca B.; Rubenstein, Dustin R.; Ricklefs, Robert E.; Bermingham, Eldredge (2012-05). «Phylogenetic relationships of the mockingbirds and thrashers (Aves: Mimidae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 63 (2): 219–229. ISSN 1055-7903. doi:10.1016/j.ympev.2011.07.009. Henta 26. mars 2017.
  2. 2,0 2,1 Cody, M. (2017) Tropical Mockingbird (Mimus gilvus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 26. mars 2017
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus gilvus. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. mars 2017
  4. Whitaker, Lovie M. (1957). «Comments on Wing-Flashing and Its Occurrence in Mimidae with Uniformly Colored Wings». The Wilson Bulletin 69 (4): 361–363. ISSN 0043-5643. JSTOR 4158623. Henta 26. mars 2017.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tropespottefugl
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Tropespottefugl: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tropespottefugl (Mimus gilvus) er ein spottefugl i den biologiske slekta Mimus som lever i Mellom-Amerika, sørlege Karibia, nordlege Sør-Amerika og på austkysten av Brasil. Songspottefugl (M. polyglottos) er den mest nærskylde nolevande arten, men den kritisk truga socorrospottefugl, (M. graysoni) er òg nært i slekt.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN