dcsimg

Kasuarar ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kasuarar (Casuarius) er ei biologisk slekt av tre særs store nolevande strutsefuglar utan flygeevne. Namnet "kasuar" kjem frå malayisk språk.[2] Utbreiinga er i hovudsak Ny-Guinea, men òg nærliggande øyar, dessutan finst ein art i nordaustlege Australia. Dette er dei største landdyra i området. Toflikkasuar er òg den tredje høgste og nest tyngste nolevande fuglen i verda, berre struts og emu er høgare fuglar. Hos mange taksonomiar er Casuarius einaste slekta i den biologiske familien Casuariidae.

Føde for desse fuglane er hovudsakleg frukt, sjølv om alle tre artar er altetarar og vil ta ei rekkje anna plantekost inkludert skot, grasfrø og sopp i tillegg til virvellause dyr og små virveldyr.

Systematikk og evolusjon

 src=
Illustrasjon av kasuarkranium
 src=
Detalj av hovudet på toflikkasuar
Foto: Paul IJsendoorn

Etter Clementslista er kasuarar er ein del av den biologiske ordenen strutsefuglar, Struthioniformes. Ordenen inkluderer òg struts, nanduar, emu og kiviar. To familiar i ordenen er utdøydde: Aepyornithidae, elefantfuglar og Dinornithidae moaer. Kasuarar samlar tre nolevande artar og éin utdøydd:

Skildring

Ein har lite kunnskap om toflikkasuar og dvergkasuar. Alle kasuarar er vanlegvis sky fuglar som lever i djupe skogar, dugelege til å forsvinne lenge før eit menneske veit dei er der. Sjølv ikkje den meir tilgjengelege toflikkasuar i regnskogen i nordlege Queensland er godt utforska.

Det er hofuglane som er størst og mest fargerike. Vaksne toflikkasuar er typisk 1,5 til 1,8 meter høge[5] og kan vege 58,5 kg [4].

Alle kasuarar har fjører som består av eit fjørskaft med ikkje-samanknytte forgreiningar av fjørstrålar. Dei manglar både halefjører og gumpkjertel. Kasuarar har små venger med 5-6 store tertiærar. Desse er redusert til stive, keratinpiggar utan mothakar, som på piggsvin.[4] Annan kvar finger har ei klo.[6] Gaffelbein/ønskebein (furcula) og skulderbeinet coracoid er degenererte, og palatal-beinet og sphenoid-beinet i kraniet rører kvarandre.[7] Dette, saman med den kileforma kroppen, trur ein er tilpassingar for å verne mot plantar, tornar og kvasse blad, og tillèt dei å springe raskt gjennom regnskogen.[8]

Den tretåa foten har kvasse klør. Tå nummer to har ei daggertliknande klo som er 125 millimeter lang[4]. Denne kloa er spesielt skremmande sidan kasuarar iblant sparkar mot menneske og dyr med dei enormt kraftige beina sine. Kasuarar kan springe i opptil 50 km/t gjennom tett skog. Dei kan hoppe opp til 1,5 meter og dei er gode symjarar, kan krysse breie elver og badar òg i sjøen.[6]

Alle tre artane har hornaktig, men blaut og svampa utvekst på hovudet kalla casque. Denne han vere opp til 18 cm høg.[7] Casque består av «ein keratinhud over ein kjerne av fast, skumliknande materiale.[9] Det har vore gjort framlegg om ulike føremål for casquear. Éitt er at dei er sekundære seksuelle attributt. Andre forslag inkluderer at dei blir brukt til å rote gjennom kratt, som eit våpen for tvistar om dominans, eller som eit reiskap for å skyve til side bladavfall under fôring. Biologen Andrew Mack har gjort observasjonar som tyder på at casque forsterkar djupe lydytringar.[10] Men tidlegare framstillingar seier at fuglane legg hovudet lågt når dei spring slik at casque vernar skallen mot skrensande små tre og andre kollisjonar. Utveksten vil verne skallen ved slike kollisjonar.[9] Spekulasjonar om casque til akustisk kommunikasjon er knytt til oppdaginga av at toflikkasuar og dvergkasuar produserer særs lågfrekvente lydar, noko som kan vere hjelpemiddel i kommunikasjonen i tett regnskog.[10] Denne lyden er den lågaste kjende fuglelyden, og ligg i grenseområdet for høyrsla til mennesket.[11]

Kjelder

Fotnotar

  1. Frå og med versjon 6.9 av Clementslista, august 2014, blei kasuarfamilien, Casuariidae, flytta inn i ein ny anerkjent orden, Casuariiformes saman med emu. Clements et al, Updates & Corrections – August 2014 Ref pages 2, 699, Casuariiformes (Cassowaries and Emus)
  2. A. F. Gotch (1996). Latin names explained. (New York): Facts on File. ISBN 95061608 Check |isbn= value: length (hjelp). Henta 17. april 2010.
  3. 3,0 3,1 3,2 Clementslista frå desember 2009
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Davies, Stephen (18. juli 2002). Ratites and Tinamous. Oxford University Press, USA. ISBN 0198549962.
  5. Buzzle com:The Cassowary Bird
  6. 6,0 6,1 Harmer, S. F; A. E Shipley (1895). The Cambridge natural history, ed. by S.F. Harmer ... and A.E. Shipley ... [London]: Macmillan and co., limited;. Henta 17. april 2010. Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  7. 7,0 7,1 Davies, S.J.J.F. (2003). «Cassowaries». I Hutchins, Michael. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins (2 utg.). Farmington Hills, MI: Gale Group. s. 75–79. ISBN 0 7876 5784 0.
  8. Gilliard, E. Thomas. «Cassowaries». Living Birds of the World. New York, NY: Doubleday & Company. s. 23–24.
  9. 9,0 9,1 Crome, F., and L. Moore. (1988) The cassowary’s casque. Emu 88:123–124.
  10. 10,0 10,1 Mack, A.L. & Jones, J (2003) Low-frequency vocalizations by cassowaries (Casuarius spp.) The Auk 120(4):1062–1068
  11. Owen, J. (2003). Does Rain Forest Bird "Boom" Like a Dinosaur? National Geographic News

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kasuarar


license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Kasuarar: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kasuarar (Casuarius) er ei biologisk slekt av tre særs store nolevande strutsefuglar utan flygeevne. Namnet "kasuar" kjem frå malayisk språk. Utbreiinga er i hovudsak Ny-Guinea, men òg nærliggande øyar, dessutan finst ein art i nordaustlege Australia. Dette er dei største landdyra i området. Toflikkasuar er òg den tredje høgste og nest tyngste nolevande fuglen i verda, berre struts og emu er høgare fuglar. Hos mange taksonomiar er Casuarius einaste slekta i den biologiske familien Casuariidae.

Føde for desse fuglane er hovudsakleg frukt, sjølv om alle tre artar er altetarar og vil ta ei rekkje anna plantekost inkludert skot, grasfrø og sopp i tillegg til virvellause dyr og små virveldyr.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Kasuarer ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Kasuarer (Casuarius) er en slekt i kasuarfamilien (Casuariidae) som består av tre arter (fire taxa) med kjempestore ikke-flygende terrestriske strutsefugler (Struthioniformes) som er endemiske for Australasia.

Beskrivelse

Kasuarer er kjempestore (normalt 100–170 cm høye, avhengig av art) flygeløse fugler med en strutselignende kropp og lange, svært kraftige ekstremiteter med tre tær på hver fot. På innertåen har fuglene utviklet ei dolkelignende klo, som fuglene bruker som et våpen til å forsvare seg med. Kloa kan bli opp mot 10 cm lang. Artene har en karakteristisk hjelm på hodet, en kam av hornstoff (keratin) som vokser opp fra pannen og fremre del av skallen.[1]

Taksonomi

Casuariidae (kasuarfamilien) og Dromaiidae (emufamilien) er nære slektninger som tidligere ble regnet til ordenen Casuariiformes (kasuarfugler), men i dag regnes disse familiene til ordenen Struthioniformes (strutsefugler), der de sorterer i en egen underorden (Casuarii).[1]

Inndeling og utbredelse

Inndelingen under følger HBW Alive og er i henhold til Folch (2016).[1]

Treliste

Atferd

Kasuarer eter hovedsakelig nedfallsfrukt, men de regnes som altetere og spiser også både frø, sopp og små virvelløse dyr og virveldyr. Fuglene er hovedsakelig standfugler, som bare gjør korte nomadiske migrasjoner i forbindelse med den sesongmessige tilgangen på mat.[1]

Lite er kjent om atferden til disse fuglene, men de eter trolig solitært eller i små familiegrupper. I hekketiden forsvarer parene store territorier, men ellers i året har kjønnene separate territorier. Hunnene praktiserer polyandri (har seg med flere hanner samtidig). Det er hannene som ruger ut eggene.[1]

Referanser

  1. ^ a b c d e Folch, A. (2016). Cassowaries, Emus (Casuariidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Besøkt 2016-05-09

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Kasuarer: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Kasuarer (Casuarius) er en slekt i kasuarfamilien (Casuariidae) som består av tre arter (fire taxa) med kjempestore ikke-flygende terrestriske strutsefugler (Struthioniformes) som er endemiske for Australasia.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO