dcsimg
Image of okra
Creatures » » Plants » » Dicotyledons » » Mallows »

Okra

Abelmoschus esculentus (L.) Moench

Okra ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Okra (Abelmoschus esculentus) er ein planteart i kattostfamilien. Han stammar truleg frå tropisk Afrika, men blir i dag dyrka i ei rekkje tropiske, subtropiske og tempererte område.[1] Okra blir brukt som grønsak, til tauverk og til medisinske føremål.

Skildring

 src=
Okrablome

Okraplanten er ein urteaktig plante som blir opptil 3 m høg. Blada er store og breie. Kapselfruktene har femkanta eller sylindrisk tverrsnitt. Dei er gråaktig grøne med kvitt fruktkjøt og kvite frø. Okra blir brukt i salatar eller som grønsak.

Bruk

 src=
Okra blir mosa for å brukast i senegalsk soupou kandja.

Heile planten kan etast om ein ser bort frå dei vedaktige stilkane. Det er vanlegvis frukta som blir brukt til mat, men også blad, blomar, spirer og frø kan brukast i matlaging. I afrikansk matlaging blir både fersk og tørka, molen okra brukt.[1] Okra kan kokast, steikast, forvellast eller marinerast.

Fibrane i stengelen kan brukas til framstilling av tauverk.

Næringsinnhald

Okra inneheld ca. 21 mg vitamin C, 303 mg kalium, 3,2 g kostfiber, 90 % vatn, 0,1 g fiett og 138 kJ tilført energi per 100 g eten vare.

Namn

Ordet «okra» kjem frå igbo ọ́kụ̀rụ̀.[2] Andre namn på okra er «grønsakhibisk». På engelsk er han også kjend som gumbo, som også er namnet på ein cajunrett der ein bruker planten, og lady's finger.[3] På ulike bantuspråk er namnet (ki)ngombo eller ein variant,[4] og dette kan vera opphavet til namnet gumbo, via spansk/portugisisk quingombo.[5]

Okra blir gjerne kalla gombo på fransk, men er kjend som cabo eller laloRéunion, Haiti og Mauritius og calou i Fransk Guyana.

Han er kjend som bamya i Hellas, Tyrkia og Sudan, gnawia eller ganaouia i Algerie, Tunisia og Marokko, mloukhia i Marokko, darraba på lokal arabisk i Tsjad, nkui i Kamerun, dongó dongó i Folkerepublikken Kongo, fétriewe i Togo og poût barang (ពោត​បារាំង) 'fransk mais' i Kambodsja.[6]

hindi og nærskylde språk er grønsaken kjend som bhindi.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 National Research Council (27. oktober 2006). «Okra». Lost Crops of Africa: Volume II: Vegetables. Lost Crops of Africa 2. National Academies Press. ISBN 978-0-309-10333-6. Henta 15. juli 2008.
  2. McWhorter, John H. (2000). The Missing Spanish Creoles: Recovering the Birth of Plantation Contact Languages. University of California Press. s. 77. ISBN 0-520-21999-6. Henta 29. november 2008.
  3. Alternative Cold Remedies: Lady's Fingers Plant, curing-colds.com, arkivert frå originalen 13. mai 2009, henta 3. juni 200
  4. gumbo, Oxford English Dictionary (1st ed.). Oxford University Press. 1933
  5. Okra, or 'Gumbo,' from Africa, tamu.edu
  6. Pauline Dy Phon, វចនានុក្រម​រុក្ខជាតិ​ប្រើ​ប្រាស់​ក្នុង​ប្រទេស​កម្ពុជា, Dictionnaire des Plantes utilisées au Cambodge, Dictionary of Plants used in Cambodia, ភ្នំ​ពេញ Phnom Penh, បោះ​ពុម្ព​លើក​ទី ១, រោង​ពុម្ព​ ហ ធីម អូឡាំពិក (រក្សា​សិទ្ធិ៖ អ្នក​គ្រូ ឌី ផុន) គ.ស. ២០០០, ទំព័រ ៣៤៣-៣៤៤, 1st edition: 2000, Imprimerie Olympic Hor Thim (© Pauline Dy Phon), 1er tirage : 2000, Imprimerie Olympic Hor Thim, s. 1.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Okra: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Okra (Abelmoschus esculentus) er ein planteart i kattostfamilien. Han stammar truleg frå tropisk Afrika, men blir i dag dyrka i ei rekkje tropiske, subtropiske og tempererte område. Okra blir brukt som grønsak, til tauverk og til medisinske føremål.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN