dcsimg
Image of Halobacteriaceae
Creatures »

Archaeans

Archaea

Arkar ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Arkar (Archaea, etter gresk αρχαία, «gamle ting») er ei stor gruppe levande organismar. Dei er mikroskopisk små, ofte eincella og med enkel, prokaryot cellestruktur. Dei delar trekk både med bakteriar og med eukaryotar og vert difor klassifisert som noko anna enn dei begge.

Arkar finst i mange ulike miljø, og det er stort mangfald både i morfologi og fysiologi innanfor gruppa. Dei har større formvariasjon enn bakteriar; både flate firkanta og trekanta celler er observert. Ein finn dei òg i større grad i ekstreme miljø som varme kjelder, men dei er òg vanlege i vanleg jord. Dei er derimot umoglege å skilja frå bakteriar utan biokjemiske og/eller genetiske arbeidsmetodar.

Tidlegare brukte ein namnet arkebakteriar om arkane, men sidan dei eigentleg ikkje er bakteriar har ein i stor grad gått vekk frå dette namnet.

Biokjemi

 src=
Figur som samanliknar cellemembranar i arkar (øvst) med dei ein finn i bakteriar og eukaryotar (i midten). Nedst ser me det doble fosfolipidlaget i bakteriar, eukaryotar og dei fleste arkane samanlikna med lipidane me finn i somme arkar.

Cellevegg

Ein hovudskilnad på bakteriar og arkar er at arkane manglar peptidoglykan i celleveggen. I staden har somme av dei eit stoff som kallast pseudopeptidoglykan og består av sukkerartane N-acetylglukosamin (NAG) og N-acetyltalosaminuronsyre (NAT) med sidekjeder av L-aminosyrer. Ein annan cellevegg-type ein finn i arkar er det såkalla S-laget, eit lag proteinøse sub-einingar i kontakt med cellemembranen. Celleveggskilnadane fører til at antibakterielle middel som lysozym og penicillin ikkje bit på dei.

Cellemembran

Cellemembranane til Archaea består, som alle cellemembranar, av alkoholen glyserol og feittsyrer. Hjå arkane er desse bundne til kvarandre med eterbinding, der bakteriar og eukaryotar har esterbinding. Feittsyrene hjå arkar er dessutan ofte greina, noko ein aldri ser elles.

Økologi

Arkar er særs mangfaldige når det kjem til ulike former for stoffskifte og næringsopptak. Det er kjend både aerobe og anaerobe former, som både kan vera autotrofar og heterotrofar. Dei utgjer ofte ein særs stor del av mikrofloraen i ekstreme miljø, som i varme kjelder, saltsjøar, Antarktis med fleire. Ein rekna lenge med at arkane fanst i desse miljøa fordi dei var blitt utkonkurrerte frå dei «vanlege» habitata, men nyare studium har vist at dei finst i store mengder òg i havet og under «konvensjonelle» tilhøve på land. Desse er derimot særs vanskelege å dyrka i kultur, og ein veit lite om dei.

Somme arkar, som Methanococcus og Methanobacterium er som dei einaste organismane i verda i stand til å danna metan frå enkle karbonsambindingar som karbondioksid og metanol. Dei slepp ut metanet som eit biprodukt av metabolismereaksjonane sine.

Evolusjon

 src=
Eit fylogenetisk tre som syner den vanlegaste oppfatninga av slektskapet mellom arkar, bakteriar og eukaryotar

Carl Woese meinte at bakteriane, arkane og eukaryotane kvar representerte tidlege avgreiningar i livets tre, tre grupper som alle stamma frå ei opphavleg progenot med dårleg utvikla genetisk maskineri. Seinare tok han til å handsama desse gruppene formelt som biologiske domene; den høgaste taksonomiske eininga i biologien. Denne delinga er særs populær i dag, sjølv om progenot-teorien ikkje har generell støtte.

Somme bioloar hevdar at arkane og eukaryotane stammar frå spesialiserte bakteriar. Analysar av ribosomalt RNA syner at eukaryotar og arkar skilde lag på eit seinare tidspunkt enn det arkar og bakteriar gjorde. Andre genomiske undersøkingar har vist det motsette, at arkane og bakteriane er nærare kvarandre.

Bernt Walther har foreslått at eukaryotane oppstod som eit mutualistisk tilhøve mellom arkar og bakteriar, kor arkane har utvikla seg til cellekjerna og invadert ei bakteriecelle. Han meiner vidare at desse organismegruppene har gjeve opphav til høvesvis sæd- og eggceller, og såleis at sex og eukaryotar oppstod om lag samstundes.

Fylogeni

Igjen basert på ribosomalt RNA har ein delt arkane inn i to hovudgrupper, Euryarchaeota og Crenarchaeota. Fleire grupper er foreslått, utan at dei har vunne innpass enno sidan ingen av medlemmane i desse gruppene har vorte dyrka enno. Eit unnatak er arten Nanoarchaeum equitans, som plasserast i den nye gruppa Nanoarchaeota.

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Arkar: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Arkar (Archaea, etter gresk αρχαία, «gamle ting») er ei stor gruppe levande organismar. Dei er mikroskopisk små, ofte eincella og med enkel, prokaryot cellestruktur. Dei delar trekk både med bakteriar og med eukaryotar og vert difor klassifisert som noko anna enn dei begge.

Arkar finst i mange ulike miljø, og det er stort mangfald både i morfologi og fysiologi innanfor gruppa. Dei har større formvariasjon enn bakteriar; både flate firkanta og trekanta celler er observert. Ein finn dei òg i større grad i ekstreme miljø som varme kjelder, men dei er òg vanlege i vanleg jord. Dei er derimot umoglege å skilja frå bakteriar utan biokjemiske og/eller genetiske arbeidsmetodar.

Tidlegare brukte ein namnet arkebakteriar om arkane, men sidan dei eigentleg ikkje er bakteriar har ein i stor grad gått vekk frå dette namnet.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Arkebakterier ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Arkebakterier eller urbakterier er et av de tre domenene i biologisk artsklassifikasjon. De to andre er bakteriene og de eukaryote organismene (hvor blant annet planter og dyr inngår). Av disse to er arkebakteriene nærmere beslektet med eukaryoter enn med bakterier, selv om de er prokaryote. De mangler cellekjerne. Dette ble oppdaget i 1977 av Carl Woese. Før dette var gruppen ukjent, eller deres representanter ble sett på som spesielle bakterier. Fellestrekk med eukaryoter finner man blant annet i måten transkripsjonen, translasjonen og DNA-replikasjonen foregår på. I cellemembranens bygning har man funnet unike fellestrekk (homologier) for arkebakteriene.

Grunnen til at de betegnes som arke- (gresk αρχαιος [archaios] = «gammelt») eller urbakterier er at de lever i ekstreme miljøer, som kan minne om tilstandene tidlig i jordens historie. Derfor omtales arkebakterier også som ekstremofiler («de som liker det ekstremt»). I mange av de mindre ekstreme nisjene har de blitt utkonkurrert av bakterier og eukaryote organismer. De mest salt- og varmetolerante organismene på jorda er arkebakterier. Dessuten lever arkebakterier i blant annet oljereservoarer, torvmyrer og i tarmene hos høyere dyr. Felles for de tre sistnevnte er at de ikke trenger eller tåler oksygen, og at de har evnen til å produsere metangass. Det finnes ingen sykdomsfremkallende arkebakterier, og ingen av dem er kjent for å være giftige.

Ekstremt halofile arkebakterier

De ekstremt halofile (saltelskende) arkebakteriene trives stort sett i vann med 12–23 % saltinnhold, men de fleste kan vokse helt opp til metningspunktet (32 % saltinnhold). De kan også trives i kraftig saltet mat som fisk og kjøtt.

Slekter

  • Haloarcula
  • Halobacterium
  • Halobaculum
  • Halococcus
  • Haloferax
  • Halorubrum
  • Natronobacterium
  • Natronococcus

Ekstremt termofile arkebakterier

De ekstremt termofile (varmeelskende) artene finnes stort sett i vulkanske områder. De lever i varme kilder, på havbunnen ved såkalte black smokers og i varmekraftverk. Ingen av artene trives ved temperaturer under 80°C, og mange av dem vokser og trives ved temperaturer over 100°C.

Slekter fra varme kilder

  • Acidianus
  • Desulfurococcus
  • Desulfurolobus
  • Methanothermus
  • Pyrobaculum
  • Stygiolobus
  • Sulfolobus
  • Thermofilum
  • Thermoproteus

Slekter fra black smokers

  • Archaeoglobus
  • Methanococcus
  • Methanopyrus
  • Pyrococcus
  • Pyrodictium
  • Pyrolobus
  • Staphylothermus
  • Thermodiscus
  • Thermotoga

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Arkebakterier: Brief Summary ( Norwegian )