dcsimg

Amerikamanat ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Amerikamanat eller lamantin (Trichechus manatus) er ein sjøkuart i manatfamilien. Han vert om lag 3,7–4,6 m lang, har ei vekt på om lag 1 600 kg, og er ein fredeleg planteetar.

Amerikamanaten vert på engelsk kalla Caribbean eller West Indian manatee. I 1934 vart det gjort framlegg om at amerikamanaten hadde to underartar. At det faktisk er to underartar, vart slege fast av Domning og Hayek i 1986,[1] på grunnlag av skilnader i skjeletta, særleg skallane. Floridamanaten (T. m. latirostris) lever i Florida i USA, i tillegg sporadisk frå Texas til Virginia. Antillmanaten (T. m. manatus) lever frå nord på Atlanterhavskysten i Mexico til Bahia i Brasil, og på dei karibiske øyane. Floridastraumen mellom Florida og Cuba skil dei to underartane. Amerikamanatane er i fleire område truga av utrydding.

Kjelder

Referansar

  1. Domning, DP og LC Hayek. Interspecific and intraspecific morphological variation in manatees (Sirenia:Trichecus). Marine Mammal Science 2(2):87-144.
лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN

Amerikamanat: Brief Summary ( норвешки )

добавил wikipedia NN

Amerikamanat eller lamantin (Trichechus manatus) er ein sjøkuart i manatfamilien. Han vert om lag 3,7–4,6 m lang, har ei vekt på om lag 1 600 kg, og er ein fredeleg planteetar.

Amerikamanaten vert på engelsk kalla Caribbean eller West Indian manatee. I 1934 vart det gjort framlegg om at amerikamanaten hadde to underartar. At det faktisk er to underartar, vart slege fast av Domning og Hayek i 1986, på grunnlag av skilnader i skjeletta, særleg skallane. Floridamanaten (T. m. latirostris) lever i Florida i USA, i tillegg sporadisk frå Texas til Virginia. Antillmanaten (T. m. manatus) lever frå nord på Atlanterhavskysten i Mexico til Bahia i Brasil, og på dei karibiske øyane. Floridastraumen mellom Florida og Cuba skil dei to underartane. Amerikamanatane er i fleire område truga av utrydding.

лиценца
cc-by-sa-3.0
авторски права
Wikipedia authors and editors
изворно
посети извор
соработничко мреж. место
wikipedia NN