dcsimg

Fuglen kea ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kea, Nestor notabilis, er ein stor papegøyeart av nyzealandske papegøyar funnen i skog og alpine område av Sørøya på New Zealand. Kea er verdas einaste alpine papegøye. Som altetande har han diett hovudsakleg sett saman av røter, blad, bær, nektar og insekt, men inkluderer òg kadaver[1]. Tidlegare var det jakt på kea med skotpremie på grunn av at det innanfor jordbruksstrøk var otte for åtak på husdyr, spesielt på sau.[2] Først frå 1986 fekk arten fullt vern.[3]

Keaer hekkar i hòler eller sprekker blant trerøter. Dei er kjente for å vere nysgjerrige og intelligente, avgjerande evner for å overleve i eit barskt alpint miljø. Keaer kan løyse logiske oppgåver, slik som å skyve og dra ting i ei bestemt rekkjefølgd for å kome fram til mat, og vil samarbeide for å oppnå eit bestemt mål.[4]

Skildring

 src=
Oransje fjører kan sjåast under vengen når keaen flyg.

Keaen er ein stor papegøye på rundt 48 centimeter med kroppsvekt på 0,8 til 1 kg.[5] Fjørdrakta er for det meste olivengrøn, nebbet er grått og han har eit langt og tynnt nedbøygd øvre nebb. Vaksne individ har mørkebrune irisar, og cere, augeringar og beina er i grått. Dei har oransje fjører på undersida av vengene. Fjørene på sidene av andletet er mørk olivenbrune, fjører på ryggen og overgumpen er oransjeraude, og nokre av dei yste vengefjørene er i diffust blått. Keaen har ein kort og brei blågrøn hale med svart tupp. Hannar er ca. 5 % lengre enn hoer, og han har eit øvre nebb er 12-14 % lengre enn hoa.[6] Juvenile keaer liknar generelt på dei vaksne fuglane, men har gule augeringar og cere, ein oransjegult undernebb, og grågule bein.[7]

 src=
Ungfuglar har gule augeringar og cere, eit oransjegult undernebb, og grågule bein.
Foto: Markus Koljonen

Keaer er sosiale fuglar og lever i grupper på opp til 13 individ.[8] Isolerte individ trivst dårleg i fangenskap, men responderer godt på spegelbilete.[9]

I minst eit fall er det rapportert at keaer er polygyne, med ein hann knytt til fleire hoer. Same kjelde gjorde merksam på at det var eit overskot av hofuglar.[10]

Distribusjon og habitat

Leveområdet til keaer spenner frå elvedalar i låglandet og kystnære skogar på vestkysten opp til dei alpine områda av Sørøya som Arthur's Pass og Mount Cook nasjonalpark. Dei er nært knytt til heile utbreiinga av sørbøkskogen (Nothofagus) i høgdedraga. Bortsett frå sporadiske streiffuglar, er ikkje keaer funne på Nordøya, sjølv om fossile funn tyder på at ein populasjon levde der for over 10 000 år sidan.[11]

Populasjonen vart anslått til mellom 1000 og 5000 individ i 1986,[12] i kontrast til eit anna estimat på 15 000 fuglar i 1992.[13] Begge estimata kviler sterkt på føresetnader.[13] Det som gjer estimata usikre er at arten har ein omfattande distribusjon med låg tettleik over utilgjengelige område.[14][15]

Kea er ein av ti papegøyeartar som er endemiske til New Zealand.

Hekking

I ein studie av eit hekkeområde fann ein reirplassar med tettleik på eit reir per 4,4 km².[15] Mest vanleg finn ein hekkeområda i skogar med tre av slekta sørbøk,[16] Nothofagus, i bratte fjellsider. Hekkinga går føre seg i høgd på 1600 moh. og høgare, dette er ein av få papegøyartar i verda som regelmessig lever over tregrensa. Reira er vanlegvis plasserte på bakken under store bøketre, i fjellsprekker eller i utgravne hòler mellom røter. Hòlar har tilgjenge via tunnelar som fører 1 m til 6 m inn i eit større kammer, som er fôra med lav, mose, bregnar og rotnande treverk. Egglegginga startar i juli og strekkjer seg inn januar.[17] Kullet er på to til fem kvite egg, dei har ei rugetid på rundt 21 dagar, etterfølgt av ein periode for omsut på 94 dagar.[18]

Dødsrata er høg blant unge keaer, med mindre enn 40 % att etter det første leveåret.[19] Gjennomsnittleg levetid for ein vill ung kea har vore berekna til 5 år, basert på attfunn i påfølgjande sesongar i Arthur's Pass, medrekna estimat for spreiing til omkringliggande område. Rundt 10 % av den lokale populasjonen var trudd å vere over 20 år.[13] Den eldste kjende kea i fangenskap vart 50 år gammal i 2008.[19]

Diett

Som altetande, beitar keaer på meir enn 40 planteartar, biller, larver, andre fuglar inkludert lireungar, og pattedyr inkludert kaninar.[4][8] Det har vorte observert at keaer bryt seg inn i reirhòler til lirer for å ta ungane etter å ha høyrt dei i reiret.[20] Keaer har òg tatt føremon av menneskeleg avfall og mating.[21]

Kontakt med menneske

Keaen sin vidgjetne trong til å utforske og handtere gjer denne fuglen ei plage for dei fastbuande, men ein attraksjon for turistar. Vanlegvis treffer folk på keaer på vintersportsstader på Sørøya. Fuglane er motiverte av høve til å finne matrestar og ofte skildra som «frekke». I rolla «klovnen av fjella»,[22] vil han undersøkje eller hakke på ryggsekker, skotøy og jamvel bilar, ofte med resultat av skadeverk eller han flyg av garde med mindre gjenstandar.

Det har vore ei langvarig usemje om i kva grad kea jaktar på sau. I 1993 vart det gjort eit videoopptak[4] som synte at minst nokre fuglar kan åtake og ete av friske sauar. Videoen stadfesta kva mange forskarar lenge hadde mistenkt, at keaer kan bruke det kraftige nedbøygde nebbet sitt og klørne for å rippe gjennom laget av ull, og hakke på dyret.

Kjelder

Referansar

  1. Benham, W. B. (1906). Notes on the Flesh-eating Propensity of the Kea (Nestor notabilis). Transactions of the Royal Society of New Zealand, 39, 71–89.
  2. Kea Conservation Trust Kea Conservation Status.
  3. Lindsey, T., Morris, R. (2000) Field Guide To New Zealand Wildlife. Auckland: Harper Collins. (ISBN 1-86950-300-7)
  4. 4,0 4,1 4,2 Kea – Mountain Parrot, NHNZ. (Ein times dokumentarfilm)
  5. CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.
  6. Bond, A. B.; Wilson, K. J. and Diamond, J. (1991). Sexual Dimorphism in the Kea Nestor notabilis, Emu 91(1), 12–19. doi:10.1071/MU9910012.
  7. Forshaw (2006). plansje 23.
  8. 8,0 8,1 Clark, C.M.H. (1970) Observations on population, movements and food of the kea, Nestor notabilis, Notornis, 17, 105–114.
  9. Diamond, J & A. Bond (1989) Note on the lasting responsiveness of a kea Nestor notabilis toward its mirror image, Avicultural Magazine 95(2):92–94.
  10. Jackson, J. R. (1962). The life of the Kea. Canterbury Mountaineer 31, 120–123.
  11. R.N. Holdaway and T.H. Worthy (1993). First North Island fossil record of kea, and morphological and morphometric comparison of kea and kaka, Notornis, 40(2), 95–108
  12. Anderson, R. (1986) Keas for keeps. Forest and Bird, 17, 2–5
  13. 13,0 13,1 13,2 Bond, A. and Diamond, J. (1992). Population Estimates of kea in Arthur’s Pass National Park, Notornis 39, 151–160.
  14. Diamond, J., Bond, A. (1999) Kea. Bird of paradox. The evolution and behavior of a New Zealand Parrot. Berkeley; Los Angeles, CA: University of California Press. (ISBN 0-520-21339-4)
  15. 15,0 15,1 Elliott, G., Kemp, J. (1999) Conservation ecology of Kea (Nestor notabilis). Report. WWF New Zealand.
  16. «sørbøk» i Store norske leksikon, snl.no.
  17. Jackson, J. R. (1960). Keas at Arthur's Pass. Notornis 9, 39–58.
  18. Falla RA, Sibson RB & Turbot EG (1966) A Field guide to the birds of New Zealand. Collins, London (ISBN 0-00-212022-4)
  19. 19,0 19,1 Akers, Kate and Orr-Walker, Tamsin. Kea Factsheet, Kea Conservation Trust, April 2009. Retrieved 22 January 2010.
  20. Christina Troup. Birds of open country – kea digging out a shearwater chick, Te Ara – the Encyclopedia of New Zealand, Ministry of Culture and Heritage. Updated 20 November 2009. Henta 20. oktober 2012.
  21. Gajdon, G.K., Fijn, N., Huber, L. (2006) Limited spread of innovation in a wild parrot, the kea (Nestor notabilis). Animal Cognition, 9, 173–181. doi:10.1007/s10071-006-0018-7
  22. «Clever clown of the mountains». University of Vienna - Faculty of Life Sciences, Department of Cognitive Biology. Henta 20. oktober 2012.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fuglen kea
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Fuglen kea: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Kea, Nestor notabilis, er ein stor papegøyeart av nyzealandske papegøyar funnen i skog og alpine område av Sørøya på New Zealand. Kea er verdas einaste alpine papegøye. Som altetande har han diett hovudsakleg sett saman av røter, blad, bær, nektar og insekt, men inkluderer òg kadaver. Tidlegare var det jakt på kea med skotpremie på grunn av at det innanfor jordbruksstrøk var otte for åtak på husdyr, spesielt på sau. Først frå 1986 fekk arten fullt vern.

Keaer hekkar i hòler eller sprekker blant trerøter. Dei er kjente for å vere nysgjerrige og intelligente, avgjerande evner for å overleve i eit barskt alpint miljø. Keaer kan løyse logiske oppgåver, slik som å skyve og dra ting i ei bestemt rekkjefølgd for å kome fram til mat, og vil samarbeide for å oppnå eit bestemt mål.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Kea (fugl) ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Kea (Nestor notabilis) er en fugl i gruppen New Zealand-papegøyer og en av to nålevende arter i slekten Nestor. Arten er endemisk for SørøyaNew Zealand, der den trives i litt høyereliggende områder enn kaka (N. meridionalis).

Beskrivelse

 src=
Kea i flukt (undersiden)
 src=
Kea i flukt (oversiden)

Kea er en mellomstor papegøyefugl, som blir cirka 48 cm lang, målt fra issen til tuppen av stjerten, og typisk veier omkring 800–1000 gram.

Fjærdraken er hovedsakelig grønn, nærmest flaskegrønn med lysere grønne spetter. Vingene er grønne med mørkegrå styrefjær på oversiden og oransje og mørkegrå på undersiden. Det krummede overnebbet er langt og godt tilpasset å lete i bakken etter spiselige røtter.

Atferd

Kea er en svært sosial art som praktiserer polygyni og et strengt hierarki. Fuglene er rovgriske og kan opptre i store flokker sammen med kaka. Kea har tilpasset seg forhold nær eller over snøgrensen og holder normalt til høyere i terrenget enn kaka, som trives best i lavereliggende områder. Om vinteren deler imidlertid artene habitat, siden kea migrerer høydemessig mellom sommer- og vinterbeite.

Kea er omnivor og spiser lokal frukt, bær, frø, røtter, blomster og blomsterknoper, nektar, små invertebrater og ulike larver, fugler, sau og ellers nesten alt spiselig den måtte komme over.

Kea hekker i skoger med Nothofagus som ligger i bratte fjellsider på elevasjoner fra 1 600 moh og høyere. Reiret plasseres i hulrom i bakken, under røttene på trærne. Hulrommene kan være forbundet av inntil 6 m lange ganger og flere større kamre. Fuglene legger typisk 2–5 egg som hunnen ruger i cirka 21 dager. Begge kjønn deltar med å mate ungene.

Referanser


Eksterne lenker

ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Kea (fugl): Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Kea (Nestor notabilis) er en fugl i gruppen New Zealand-papegøyer og en av to nålevende arter i slekten Nestor. Arten er endemisk for SørøyaNew Zealand, der den trives i litt høyereliggende områder enn kaka (N. meridionalis).

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO